Gunn Inger Sture – ny stipendiat på fransk og tilknytta Aldringsprosjektet

                                                                                                                                                      Gunn Inger Sture

gunn-inger

 

Gunn Inger Sture er ny stipendiat ved IF i høst og er tilsett på «Aldringsprosjektet» under leiing av Margery Vibe Skagen. Ho har ein mastergrad i fransk frå UiB og har elles både allmenn litteraturvitskap og nordisk i fagkrinsen.

Phd-prosjektet hennar, som har arbeidstittelen «Marcel Proust – tidsmetaforar, minne og aldring», er knytt til forskingsprosjektet «Aldring i kulturhistorisk perspektiv: litteratur, medisin, psykologi, juss». Tid og minne er viktige tema i Proust sitt store romanverk På sporet av den tapte tid, og ho skal sjå på kva Proust sine metaforar for tid, minne og aldring kan fortelja oss om det aldrande sjølvet, slik Proust utforskar og konstruerer det. Proust sin estetikk kan seiast å springa ut av ei erkjenning av at aldring både er fysisk forfall – kroppslege teikn på at tida går – og samtidig ein føresetnad for å skapa og få tilgang til noko tidlaust gjennom mellom anna minnet.