Seminar for Helge Vidar Holm på hans 70-års dag.

helge-vidar

Faglege foredrag, varme ord og gåver, song og trekkspelmusikk. Gode kollegar og vener gjorde stas på Helge Vidar Holm med eit eige seminar på syttiårsdagen hans 5. april. Den engasjerte og allsidige franskprofessoren frå Bergen såg ut til å setja pris på å bli feira av noverande og tidlegare kollegar, studentar og gjester. Frå Kamerun deltok Alexis Bélibi (t.h. på biletet), som Helge har hatt eit langvarig og utbytterikt samarbeid med.

Arve Kjell Uthaug