Minister Thorbjørn Røe Isaksen orienterer om humaniorameldingen

Minister Thorbjørn Røe Isaksen orienterer om humaniorameldingen

minister-thorbjorn-roe-isaksen

I morgon legg regjeringa Humaniorameldinga fram for Stortinget. Statsråden har allereie presentert ein del av innhaldet i meldinga, og På Høyden har laga ei lita oppsummering, der det òg er fletta inn nokre kommentarar frå dekanen vår:

http://pahoyden.no/2017/03/les-hovedpunktene-i-humaniora-meldingen-her

Vi får sjå kva som kjem ut av det heile, men eg trur det er grunn til ein viss optimisme på vegner av dei humanistiske faga generelt og framandspråka spesielt. Fireårig bachelor i einskilde fag, fleire praksisprogram og prioritering av lærarutdanninga er eksempel på tiltak som kan få mykje å seia for oss. Vi veit ikkje korleis det vil gå med spørsmålet om å få heva finansieringskategorien (dvs. støttesummen UiB får pr. student) for enkelte av språkfaga, men spørsmålet er i alle fall oppe til vurdering.

Arve Kjell Uthaug