Monthly Archives: januar 2017


Gjorde krus på gamle og nye kollegar

krus

IF-kruset (foto: Arve Kjell Uthaug)

Utdeling av IF-krus, blomebukettar, farvel- og velkomstklemmar. Det var fullt hus og god stemning under semesteropninga ved instituttet fredag 20. januar. Martin Paulsen (biletet) var ein av dei som vart takka av instituttleiar Åse Johnsen. Paulsen går over i fast stilling ved Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU).

martin

Martin Paulsen fekk blomar og IF-krus av instituttleiar Åse Johnsen etter mange års engasjement på russiskfaget (foto: Arve Kjell Uthaug)

Tre av dei nye stipendiatane ved instituttet var til stades: Marta Sánchez Salvà, Stehn A. Mortensen og Kimberly Marie Skjelde. Det same var Heidi Mari Thorbjørnsen, som er ny økonomikontakt for IF ved fakultetet, María Sánchez Gómez, som har praksis på spanskfaget, Long Li, som er sendelektor på kinesisk og Ingvild Nilssen, som vikarierer i studieadministrasjonen. Kjetil Berg Henjum vart takka av som undervisningskoordinator og Sigrid Ørevik som verneombod. Synnøve O. Rosales går inn i det første av desse verva, Ingunn Lunde i det andre. Professor Angela Hasselgreen vart gratulert med syttiårsdagen. Oleksandr Kapranov er ferdig med engasjementet som postdoktor, og førsteamanuensis Øyunn Hestetun går av med pensjon.